27/04/2023 av Aure Næringsforum
Jakta på den attraktive staden
By- og tettstadseminaret 2023
Program for berekraftig by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune har gleda av å invitere kommunar, næringsliv og andre som er interessert i, eller jobbar med by- og tettstadutvikling, til seminar i Kristiansund 13.-14. juni.
Det er førstemann til mølla – meld deg på og sikre deg plass no!
Påmelding og program finn du her.
JAKTA PÅ DEN ATTRAKTIVE STADEN
Kva skal til for at ein by eller tettstad blir attraktiv?
Speler byens attraktivitet ei rolle for regionens attraktivitet og omdøme?
Kva er samanhengen mellom næringsutvikling og byutvikling?
Det blir foredrag, påfyll, samtalar & mingling!
By- og tettstadseminaret er eit fysisk seminar der vi ønsker å kome saman og lære, dele og bli inspirert.
Seminaret er «ambulerande». Dei seinare åra har seminaret vore arrangert i Ulsteinvik, Åndalsnes, Vestnes og Molde.
Kor & når:
Seminaret går føre seg på Thon Hotel Innlandet, frå lunsj tysdag 13.juni til lunsj onsdag 14.juni.
Det blir også kveldsprogram på Kulturfabrikken tysdag, og morgonfuglar kan få med seg byvandring i regi Kristiansund kommune.