27/01/2021 av Aure Næringsforum
Nytt hurtigbåttilbud fra 2024 - Behandling i Samferdselsutvalet - 03.02.2021
Samferdselsutvalet fattet følgende vedtak.
Kristin Sørheim (SP) fremma følgjande tilleggsforslag:
«Samferdselsutvalet ber om undervegsrapportering av arbeidet på alle
punkt i mandatet, på same måte som Hovudutval for transport i Trøndelag.»
Votering:
Fylkeskommunedirektørens innstilling avsnitt 1-5 punkt a, b, c (mandat) blei
samrøystes vedteke.
Fylkeskommunedirektørens innstilling avsnitt 5 punkt d (mandat) fekk 11 røyster
og blei vedteke, medan 2 røysta (FRP) imot.
Fylkeskommunedirektørens innstilling avsnitt 5 punkt e, f, g, h (mandat) blei
samrøystes vedteke.
Fylkeskommunedirektørens innstilling avsnitt 5 punkt i (mandat) fekk 11 røyster og
blei vedteke, medan 2 røysta (FRP) imot.
Tilleggsforslaget av Kristin Sørheim (SP) blei samrøystes vedteke.
Vedtak i Samferdselsutvalet - 03.02.2021
Møre og Romsdal fylkeskommune vidarefører samarbeidet med Trøndelag
fylkeskommune om gjennomgåande hurtigbåtrute Kristiansund-Trondheim. Det vil
bli inngått ein eigen samarbeidsavtale mellom fylkeskommunane.
Møre og Romsdal fylkeskommune gjer AtB som er Trøndelag fylkeskommune sitt
kollektivselskap, følgjande mandat:
AtB får ansvaret for gjennomføring av anbod og drift av rutetilbodet innanfor dei
økonomiske rammer som er avtalt mellom fylkeskommunane. I 2019 var
driftstilskotet frå Møre og Romsdal fylkeskommune 28 millionar kroner.
Samferdselsutvalet føreset at gjennomgåande rutetilbod og tilbod til og frå Smøla
morgon og kveld kan gjennomførast.
I mandatet ligg også følgjande:
a. Vurdere rutestruktur og rutetilbod basert på dagens nivå
b. Anbefalte tiltak for å legge til rette for best mogleg regularitet, kapasitet og
komfort, særleg med omsyn til Edøy, men og med tanke på å sikre
korrespondansar
c. Økonomisk vurdering av anbodet, både driftskostnadar og investeringar.
d. Miljøpotensiale, herunder anbefaling av tiltak for å redusere negative
miljøkonsekvensar frå tilbodet
e. Infrastrukturbehov og driftskonsekvensar knytt til etablering av
hurtigbåtanløp ved Sandvika ferjekai på Tustna
f. Vurdere moglegheit for tidlegare avgang frå begge byar
g. Vurdering av potensiale for godshandtering og plass for reisande med sykkel.
h. Tilrå tildelingskriteriar i anbodet
i. Klimabudsjett for båtane, herunder livsløpsregnskap for eventuelle nye båtar
Samferdselsutvalet ber om undervegsrapportering av arbeidet på alle punkt i
mandatet, på same måte som Hovudutval for transport i Trøndelag.
-------------------------------------------------------------------------
Kommunedialog trinn 2 i forbindelse med anbudsforberedelser for nytt hurtigbåttilbud i Trøndelag og på Nordmøre fra 2024.
I oktober 2020 gjennomførte AtB, i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune, dialogmøter med berørte trøndelagskommuner om utvikling av hurtigbåttilbudet fra 2024.
Det ble da gitt informasjon om at kommunedialogen ville bli fulgt opp i ett trinn 2 i løpet av januar 2021.
I Hovedutvalg for transport (HUT) sitt møte 27.oktober ble det vedtatt å videreføre dagens fylkeskryssende samband mellom Trondheim og Kristiansund etter felles politisk avklaring. Berørte kommuner har blitt invitert til å gi sine innspill og tilbakemeldinger i forbindelse med beslutningsprosessen. Dette arbeidet er gjennomført i regi av Trøndelag fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trykk på "grønn" knapp under så får du lastet ned referat fra møtet 27 januar 2021 som PDF-fil